Dikt for barn om vennskap

Du er min beste venn

Du er min beste venn
og du veit ikkje om det.

Det er nok å tenkje på deg
så blir eg innvendig glad.

Det er nok å bli glad for deg
så blir eg mykje forandra.

Du er min beste venn
og du veit ikkje om det.

Du kan vere langt borte frå meg
og eg veit ikkje om det.Einar Økland